Suksess for Sørfjorden halvmaraton
Postet av Idrettslaget Fri den 3. Okt 2021
Det blei nok eit vellykka arrangement då Sørfjorden halvmaraton vart arrangert for andre gang. Sjølv om vêret var skiftande så skinte iallefall sola under heile målgangen. Kristin Vabø frå Spirit Stavanger slo den gamle løyperekorden for kvinner med 2 sekund, då ho spurta i mål på 1:19.19. Beste herre blei Tage Augustson frå Varegg med 1:08.39.
Vår hovudsponsor Asko Vest hadde henta sine 2 største idrettsprofilar over fjellet for å kasta glans over arrangementet. Sjølvaste Therese Johaug fekk æra av å fyre av startskotet. Saman med kollega Marit Bjørgen tok dei seg av premieutdelinga til dei 3 beste, men brukte også tid på å prate med deltakarane etter målpassering og ikkje minst var dei svært populære som selfie-objekt.
Trykk på ´Les mer´så får du opp lenker til resultatliste, videoreportasje, m.m.
Oppdatert info søndag formiddag: vi har fått tilbakemelding om at det går bra med vedkommande som fekk helsehjelp etter målpassering.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri

Resultater Askokarusell 2
20.06.2025

Ny høydematte på Arna Idrettspark
18.06.2025

Askokarusell 2
17.06.2025

Framolekene 2025
12.06.2025