Fristafetten
Fristafetten blei første gang arrangert på Espeland 5.september i 1983, men frå og med 1984 vart det ein vårstafett. Otto Hellegård var initiativtakar til stafetten som hadde start og mål på Espeland idrettsplass og der uteetappane gjekk i området mellom Lone og Janusfabrikken. Det er tradisjon at Fristafetten innleiar stafettsesongen for friidrettsfolket i Hordaland Friidrettskrets.
I 1986 gjekk kvinneklassane over til å nytte same løypetrase som herrane, medan i 1987 var den einaste gongen at stafetten ikkje kunne ha start og mål på Espeland idrettsplass grunna store snømengder. I 1988 vart løypetraseen justert, fordi det kom ny veg på baksida av Espelandshallen.
I og med at løpebana forsvann i samband med ombygging til kunstgrasbane på Espeland, vart stafetten flytta frå Espeland til Arna idrettspark i 2015. Det første året på Arna idrettspark gjekk uteetappane i området Stølsvegen - Vollavegen - Gotevollen, men det gav ein litt uoversiktleg stafett for publikum og løparar, samt at mange klagde på den lange nedoverbakken tilbake til idrettsparken. Derfor fekk vi på plass ein meir komprimert løypetrase i 2016. Denne bydde på ein del krappe svingar der ein kryssa Indre Arnavegen og jernbanelinja for veterantoget, men med flate etappar og gode muligheitar for alle til å følgje utviklinga i stafetten.
Ved flyttinga til Arna idrettspark vart forøvrig etappane for jenter og gutar reduserte frå 8 til 6.
På Espeland låg deltakinga på oppunder 100 lag, medan ved flyttinga til Arna idrettspark noterte vi oss for deltakarrekord i 2015 med 121 lag.
I 2019 blei det innført automatiske etappetider for alle klassar med unntak av rekrutt miks.
På grunn av korona-pandemien vart stafetten avlyst i 2020 og 2021. Sommaren 2019 vart naturgraset på indre bane erstatta av kunstgras i form av granulat. Som erstatning for dette har Bergen kommune bygd eit eige kastfelt og ny bydelspark som stod ferdig hausten 2021. Bergen kommune har gitt oss lov til å leggje nye løypetrasear i ytterkant av kastfeltet og på grusvegen gjennom den nye bydelsparken. Dermed slepp vi å krysse Indre Arna vegen og jernbanelinja. 2022 var første gangen for dei nye løypetraseane for gutar og jenter, samt menn og kvinner.
Generell info og tidsskjema 2025
Friidrettsgruppa i IL Fri i samarbeid med stafettsponsor GK Norge AS ønskjer med dette velkommen til den 9. Fristafetten på Arna idrettspark i Indre Arna sidan den første i 2015. Dette blir den 41. stafetten totalt sidan starten på Espeland i 1983. Dessverre så måtte vi avlyse stafetten i 2020 og 2021 på grunn av pandemien. Stafetten er kun open for lag tilslutta Norges Friidrettsforbund og Norges Bedriftidrettsforbund.
I 2022 introduserte vi nye løypetrasear for alle klassar med unntak av rekruttklassen. Dette fordi Bergen kommune har bygd flott bydelspark og kastfelt som gir oss muligheitar til å utnytte området til å skape ein meir kompakt og publikumsvenleg stafett i og med at alle etappane går i og rundt idrettsparken.
Det blir tatt automatiske etappetider for alle klassar med unntak av rekrutt. Etappetidene vert publiserte på EQTIMING sin nettside.
TIDSTABELL
18:10 Rekrutt miks 10 år og yngre (premieutdeling ved målpassering)
18.30 Jenter 11-14 år
18:45 Gutar 11-14 år
19:00 Miks 11-14 år
19:15 Miks 11-17 år
19:25 Premieutdeling jenter, gutar og miks
19:45 Kvinner alle klassar: junior U23, senior, veteran, superveteran 45+, superveteran 60+, bedrift
20:10 Menn alle klassar, junior U23, senior, veteran, superveteran 45+, superveteran 60+, bedrift
20:30 Premieutdeling øvrige klassar
Påmelding og startkontingent 2025
Påmelding på epost til info@il-fri.no innan søndag 30.mars kl. 23:59.
Startkontingent kr. 150,- pr. lag for rekrutt miks 6-10 år
Startkontingent kr. 200,- pr. lag for gutar 11-14 år, jenter 11-14 år, miks 11-14 år og kr. 300,- for miks 11-17 år.
Startkontingent kr. 350,- pr. lag for menn og kvinner junior, senior, veteran 35+, superveteran 45+, superveteran 60+ og bedrift
Dersom det er løparar på laget som ikkje har Norges Friidrettsforbund sin heilårslisens kjem det eit tillegg på kr.15,- pr. løpar (13 år og eldre) for eingangslisens.
Etterpåmelding pr. lag 31.mars-2.april: kr.100,- i tilleggsavgift pr. lag med unntak av rekruttklassen der det kostar kr.50,- ekstra.
For etterpåmelding må du ringje eller sende sms til ein av kontaktpersonane (se nedanfor).
Startkontingenten skal betalast til: IL Fri, boks 206 Indre Arna, 5888 Bergen. Bankgiro 3633.51.16326
Kontaktpersoner ved påmelding
- Ove Leon Låstad, tlf. 992 72 130
- Jarle Iversen 930 42 924
Klasseinndeling og reglar 2025
KLASSAR MED 4 ETAPPAR (150-150-150-150) - Alle etappane går inne på stadion:
- Rekrutt miks 6-10 år (fødd i 2015-2019): minimum 1 jente på laget
KLASSAR MED 4 ETAPPAR (350-300-350-200):
- Jenter 11-14 år (fødd i 2011-2014): samla alder 50 år.
- Gutar 11-14 år (fødd i 2011-2014): samla alder 50 år.
- Miks 11-14 år (fødd i 2011-2014): samla alder 50 år, minst 2 jenter på laget.
1) Ein 10-åring (fødd i 2015) kan enten delta i jente- eller guteklassen, eller miks, men tel som 11-åring i forhold til samla alder. 2) 11-14 åring (fødd i 2011-2014) kan først løpe i jente- eller guteklassen og deretter i miks. 3) 2. etappe går kun inne på stadion. Her kan ein bruke piggsko. NB: fast dekke. Øvrige etappar varierer mellom asfalt, gras og bane.
KLASSAR MED 6 ETAPPAR (400-200-500-570-450-200):
- Miks 11-17 år (fødd i 2008-2014): samla alder 84 år, minst 3 jenter på laget.
1) Ein 10-åring (fødd i 2015) kan delta på laget, men tel som 11-åring i forhold til samla alder. 2) 1., 2. og 6. etappe går inne på stadion. Her kan ein bruke piggsko. NB: fast dekke. Øvrige etappar går på asfalt, gras og grusveg.
KLASSAR MED 6 ETAPPAR (600-300-1170-1480-820-200):
- Kvinner junior U23, 15-22 år (fødd i 2003-2010)
- Kvinner senior (fødd i 2010 og tidlegare)
- Kvinner veteran 35+ (fødd 1990 og tidlegare)
- Kvinner superveteran 45+ (fødd 1980 og tidlegare)
- Kvinner superveteran 60+ (fødd 1965 og tidlegare)
- Menn junior U23, 15-22 år (fødd i 2003-2010)
- Menn senior (fødd i 2010 og tidlegare)
- Menn veteran 35+ (fødd 1990 og tidlegare)
- Menn superveteran 45+ (fødd 1980 og tidlegare)
- Menn superveteran 60+ (fødd 1965 og tidlegare)
1) Ein 15-17 åring (fødd i 2008-2010) kan delta i både miks 11-17 år, junior U23 og senior 2) Ein som er 14 år eller yngre (fødd i 2011 eller seinare) kan ikkje delta i junior U23- eller seniorklassen. 3) 1., 2. og 6. etappe går inne på stadion. Her kan ein bruke piggsko. NB: fast dekke. Øvrige etappar går på asfalt, gras og grusveg.
GENERELLE REGLAR:
- ein løpar kan ikkje springe to etappar på same lag i same klasse.
- ein løpar kan f.eks. ikkje springe ein etappe for klubben sitt 1.lag og ein annan etappe for klubben sitt 2.lag i same klasse (unntaket er rekrutt miks.
Løypebeskrivelse og løypekart 2025
Tidlegare klassevinnarar 1983-2024
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||