Nyheter
Til tross for å være 7 cm fra pallen, fikk Vilde-Sofie en fin opplevelse under NM Terreng lang løype i Ekebergparken.
Det måtte målfoto til for å fastslå at hun denne gangen ikke kunne entre pallen.
Trener Kjetil Torvund melder om god stemning og en fornøyd Fri-utøver som stadig nærmer seg de aller beste i Norge.
Det var gøy å kjenne at kreftene holdt helt inn og at det var nok krutt igjen i benea til en 300m spurt hvor hun tok mye innpå de foran seg.
Påmelding til årets vinterkarusell er åpnet i EQ Timing
Det blir som vanlig seks onsdagsløp gjennom vinteren.
Første løp er 23. oktober.
Sted: Espeland idrettsplass (Espelandahallen)
Start: 19:00
Garderobe og henting av startnummer: 18:00
Datoer de resterende løp:
13. november
4. desember
5. februar
26. februar
19. mars
Løpet passer for alle som liker å komme seg ut og knyte på seg joggeskoene!
HUSK REFLEKS!
Velkommen til Frikarusellen 2024/25!
Det blei ny rekord oppslutning for Sørfjorden halvmaraton med 576 som starta og av desse var det berre 7 som ikkje fullførte.
Etter nokre fine haustdagar denne uka så kom regnet i dag, men temperaturen var ideel for halvmaratonløp. Mange blide fjes etter målpassering og god stemning blant heiande publikum ute i løypa gjorde sitt til at deltakarane fekk ei god oppleving.
Lenke til resultatliste i Eqtiming: https://live.eqtiming.com/69832#result:267746-1-1272282-1-1-
Vår filmfotograf Torgils Fossen har lagt ut video frå målgangen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=IYgbdfxJSKI
Det blei ein flott 3.plass totalt til Jarand Blom i Oslo maraton med tida 2:29,04. Jarand gjekk forøvrig til topps i klasse 24-34 år. Ingrid Brattabø vart nr.42 totalt i kvinneklassen med 3:16,28. Det gav ein 3.plass i klasse 18-21 år.
På halvmaraton-distansen løpte Frode Eikeland inn til 2:09,21 og 49.plass i klasse 65-69 år.
Til info så er bestenoteringane i Fri på maraton for menn 2:20,00 (Bjarne Huseklepp i 1983) og for kvinner 3:04,16 (Helene Pemmer i 2008).
Her er oppdatert resultatliste frå Askokarusellen nr.5 på Arna idrettspark i går med totalt 91 startar:
Resultatliste Askokarusellen 20240916v2.pdf
Vår filmfotograf Torgils har publisert denne videoen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=yiRgjcCKxHc
Det er førehandspåmeldt 31 deltakarar fordelt på 53 startar. Elevar ved barneskulane i Arna bydel har fått invitasjon til å bli med på 60m og lengde, men dei kan melde seg på ved start. Derfor er tidsrommet mellom 18:05 og 19:00 reservert til desse. Vi kjem til å bruke begge lengdegropene, men skuleelevane får maks 3 hopp. Her er oppdatert tidsskjema for Askokarusellen nr.5 på Arna idrettspark.
Tidsskjema:
18:00 60m rekrutt (opp til 12 år)
18:00 Diskos alle klassar
18:10 Lengde rekrutt (blir delt opp i fleire puljer)
19:05 60m veteranar (1 heat)
19:10 Kule alle
19:15 100m (2 heat)
19:30 1500m (2 heat)
19:45 Lengde 13 år og eldre + 11-12 åringane som deltar i kast
19:50 400m (2 heat)
20:00 10000m (1 heat)
Startliste finn du her: Startliste - Askokarusellen_nr5.pdf
Husk å hente startnummer i sekretariatet.
Vår filmfotograf Torgils Fossen har publisert denne videoen frå målgangen i Arnaløpet.
Her er lenke til videoen: https://www.youtube.com/watch?v=YAkNkMCwtaw
PS. Det er berre å beklage at denne infoen kjem litt seint, men spam-filteret hadde stoppa eposten med lenka til videoen.
I helga gjekk UM for aldersklassane 15-19 år av stabelen på Bislett stadion. Vår einaste deltakar Vilde-Sofie Torvund gjorde sine saker veldig bra med gull på 3000m med 10:08,84 og bronse på 800m med 2:16,26 i klasse 18-19 år. Begge tidene var årsbeste for henne som ikkje har konkurrert sidan slutten av mai på grunn av skade og sjukdom. Vi gratulerer så mykje!
Lenke til resultatlister: https://www.friidrett.no/barn-og-ungdom/gjensidigelekene/gjensidige-um/
Totalt 708 deltakarar gjennomførte det 41. Arnaløpet på Espeland i går fordelt på 595 i familieløypa og 113 på 10 km. Dette inkluderer også dei 17 som var med på funksjonærløpet dagen før. 708 er den beste deltakinga sidan 2019 då 681 fullførte, medan 2018 hadde 712 over mål. Ser vi på den lange løypa som blei endra frå 8,8km til 10km i 2021 så aukar den i popularitet kvart år (44 i 2021, 68 i 2022 og 80 i 2023). Alt fungerte som det skulle arrangementsmessig og vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Verforholda kunne vi dessverrre ikkje gjere noko med.
Lenke til resultatliste i Eqtiming: https://live.eqtiming.com/71844#result:292163-0-1289378-1-1-
Arnaleikane 2024 er avlyst pga skulane i Arna bydel seier nei til å leggje inn arrangementet i sine aktivitetsplanar. Dermed blir det slutt på ein over 50 år gammal tradisjon. Som alternativ vil det vere innlagt 60m og lengde for 12 år og yngre under Askokarusellen på Arna idrettspark mandag 16.sep. kl.18:00. Påmelding ved start arrangementsdagen frå kl. 17:30.
Her er resultatliste frå Askokarusellen nr.4 på Arna idrettspark 19.aug. NB: resultata er ikkje rangert,
Mandag 19.aug. er det klart for Askokarusellen nr.4. Vi har 38 startar så langt.
PS. Rekruttar (10 år og yngre) kan melde seg på ved start.
Her er startlista: Deltakerliste - Askokarusellen - 20240819.pdf
Oppdatert tidsskjema:
18:30 60m alle klassar (3 eller 4 heat)
18:50 Høgde 10-14 år (5 deltakarar)
19:00 Kule 10 år og eldre (3 deltakarar)
19:00 200m 11 år og eldre (3 heat)
19:15 3000m 15 år og eldre (2 heat, damene først)
19:40 Spyd 11 år og eldre (4 deltakarar)
19:50 600m 10-14 år (1 heat)
20:00 800m 15 år og eldre (2 heat)
Det var vått under Arna kastkarusell nr.4 der det var innlagt øvingar i hopp utan tilløp.