Rapport frå friidrettskretstinget
Postet av Idrettslaget Fri den 13. Mar 2022
Det var god stemning under kretstinget for Hordaland Friidrettskrets 12.mars. I alt 40 delegatar møtte og IL Fri var godt representert med både klubbdelegatar og utvalgsleiarar. Eit einstemmig ting vedtok å gå over til 2-årig tingperiode, slik at neste ting blir i 2024. Vår eminente mellomdistanseløpar på 90-talet, Jonny Andersen (1:53.65 på 800m, 3:50.38 på 1500m og 8:26.74 på 3000m), er ny varamedlem til kretsstyret. Marit Austnes er leiar av dommarutvalget, men ho var ikkje på valg. Det same gjeld Stein Fossen som styrer serie og statistikkutvalget og Ingrid Dugstad som har ansvaret for anleggsutvalget. Kjell Fossen tok 2 nye år som leiar av veteranutvalget og får med seg Eldbjørg Sanden Søvik som varamedlem (gjenvalg).
Elles så bestemte tinget at kretsseriane for jenter og gutar heretter skal følgje kalendaråret tilsvarande som for veteranserien og forbundsserien for menn og kvinner.
Friidrettskretsen gjer ein glimrande jobb og all honnør til styreleiar Peer Frode Jarnung for sitt fantastiske engasjement og daglegleiar Eddie Ebbesvik for sin store innsats. Det er mykje takka vere dei to at Norges Friidrettsforbund omtalar Hordaland som Norges beste friidrettskrets.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri

Resultater Askokarusell 2
20.06.2025

Ny høydematte på Arna Idrettspark
18.06.2025

Askokarusell 2
17.06.2025

Framolekene 2025
12.06.2025