Fleire nye rekordar i Askokarusellen på Arna idrettspark 15.aug.
Postet av Idrettslaget Fri den 15. Aug 2022
Askokarusellen vart innleia med den store 60m-duellen i klassen 80-84 år mellom Torstein Nesse og Britt Torvund. Torstein var klart best med tida 14,89, medan Britt kom i mål på 17,71. Det er første gangen nokon frå Fri løper 60m i denne klassen.
Så blei det ny banerekord på 60m for kvinner av Leah Marie Henriksen Indrebø, Ask Friidrett med 7,94. Deretter følgde Sondre Lindaas Gjesdal, Gular opp med ny banerekord på 300m for menn med 34,73. På 5000m sette Einar Færø, Eikanger IL ny norsk veteranaldersrekord i klassen 65-69 år med 18,25,11.
Totalt 46 deltakarar fordelt på 72 startar var med i kveld. Vi minner om neste Askokarusell onsdag 21.sep. Då blir det 60m, 200m, 800m, 3000m, 200m hekk, høgde (10-14 år og veteranar), spyd og liten ball.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri
Medlemsfesten 2026
20.01.2026
Kjøp av Fri-klær åpnet hos Trimtex
12.01.2026
God jul og godt nytt år!
19.12.2025
Sørfjorden Halvmaraton - påmelding åpnet
08.12.2025
Juleferie for treningsgruppene
08.12.2025