Arnaløpet med beste deltaking sidan 2019
Postet av Idrettslaget Fri den 27. Aug 2024
Totalt 708 deltakarar gjennomførte det 41. Arnaløpet på Espeland i går fordelt på 595 i familieløypa og 113 på 10 km. Dette inkluderer også dei 17 som var med på funksjonærløpet dagen før. 708 er den beste deltakinga sidan 2019 då 681 fullførte, medan 2018 hadde 712 over mål. Ser vi på den lange løypa som blei endra frå 8,8km til 10km i 2021 så aukar den i popularitet kvart år (44 i 2021, 68 i 2022 og 80 i 2023). Alt fungerte som det skulle arrangementsmessig og vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Verforholda kunne vi dessverrre ikkje gjere noko med.
Lenke til resultatliste i Eqtiming:
https://live.eqtiming.com/71844#result:292163-0-1289378-1-1-
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri

Resultater Askokarusell 2
20.06.2025

Ny høydematte på Arna Idrettspark
18.06.2025

Askokarusell 2
17.06.2025

Framolekene 2025
12.06.2025