Pengepremiar for nye kretsrekordar for senior på 1 engelsk mil
Postet av Idrettslaget Fri den 8. aug 2020
IL Fri fristar med 1609 kr i pengepremie om det blir sett nye kretsrekordar på 1engelsk mil for menn og kvinner senior under Askokarusellen på idrettsparken 12.aug. Gular har lovt å stille med sine beste mellomdistanseløparar på onsdag, og det er vel først og fremst Mats Hauge som nyleg persa på 1500m med 3:40.01 som kan ha ein muligheit til å slå Lars Ove Strømø sin kretsrekord for Hordaland frå 1985 på 3:59.10. På kvinnesida er det ikkje notert nokon rekord, fordi ingen har løpt under kretsrekord-kravet på 5:00.0. Vi får hjelp av AKS-77 med ekstra tidtakingssystem, slik at alle som fullfører 1 engelsk mil får notert offisielle passeringstider på 1500m.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri
Arnaløpet 2026 - åpnet for påmelding
01.06.2026
UM gull til Andreas i hans første 10-kamp
26.05.2026
Sommersamling i Rosendal
21.05.2026