Resultat Askokarusellen 17.juni
Postet av Ove Leon Låstad den 17. jun 2026
I Askokarusellen på Arna Idrettspark 17.juni sette Marianne Nesbø Aadland, IL Fri norsk mastersrekord på 3000m i klasse 55-59 år med tida 11,34,13. Vi gratulerer Marianne så mykje med bragda. Valborg Østberg, Gjøvik hadde den gamle rekorden med 11,35,36 sett i 1986.
Vigdis Gaupholm Reigstad, IL Fri var ikkje langt unna 3000m-rekorden i klasse 50-54 år til Bente Rosvold Midttun, Osterøy frå 2009 som lyder på 10,47,63. Vigdis sprang i mål på 10,50,22.
Etter arrangementet i går har det kome ein del spørsmål om avviklinga av 3000m i forhold til miksheat.
Norges Friidrettsforbunds reglar for miksheat på bane
- Fartshalder av motsett kjønn er ikkje lov for junior og senior.
- Kvinner og menn kan løpe saman i mastersklassen (35 år og eldre). Altså fartshaldar kan vere av motsett kjønn. I sprint er det anbefalt å ha ein open bane i mellom.
- Gutar og jenter 14 år og yngre kan løpe saman på alle distansar.
- Gutar og jenter 14 år og yngre har ikkje lov å løpe saman med junior, senior og masters. Koplingsklasse 14-15 år er ok.
- Masters som melder seg på i seniorklassen må også forholde seg til skoreglane. Masters har ikkje skokontroll. Kun ved setting av internasjonale rekordar.
- I konkurransar for junior og senior som ikkje inngår i World Ranking Competitions kan det bli arrangert felles start i baneløp som er 3000m og lengre, men berre dersom det ikkje er tilstrekkeleg antal utøvarar i eit eller begge kjønn til å rettferdiggjere gjennomføring av separate løp. Slike løp skal ikkje i noko tilfelle bli gjennomført slik at utøvarar i eitt kjønn blir trekt eller assistert av utøvarar i motsett kjønn.




Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ove Leon Låstad
Askokarusellen 17.juni
08.06.2026
Resultat Askokarusellen 13.mai
14.05.2026
Askokarusellen onsdag 13.mai
12.05.2026
Minneord Tone Rolland Enger
20.04.2026
Program for Fristafetten 2026
14.04.2026