Rapport frå kretstinget
Postet av Ove Leon Låstad den 22. Mar 2026
Hordaland Friidrettskrets sitt kretsting blei arrangert 20-21.mars med klubbmøte fredag kveld og sjølve tinget om laurdagen. Som klubbrepresentantar møtte Jarle Iversen, Randi Bysheim og Ove Leon Låstad. Det var ikkje dei store sakene denne gangen og ei grundig årsmelding for den 2 årige tingperioden oppsummerte det meste. 2025 var eit spesielt hektisk år i friidrettskretsen med store arrangement som Trond Mohn Games, EM U23 og junior-NM på Fana stadion, samt hovud-NM på Askøy. Tinget vart faktisk ferdig i god tid før oppsett tidsskjema. Friidrettsgruppa har vore godt representerte i styret og utval og følgjande blei valde for 2 nye år:
- Marit Austnes, attval som leiar av dommarutvalet
- Ingrid Alræk Dugstad, attval som leiar av anleggsutvalet
- Stein Fossen, attval som leiar av serie- og statistikkutvalet
- Eirik Frøholm, valt som nytt varamedlem til anleggsutvalet
Jonny Andersen tok ikkje attval som styremedlem og Eldbjørg Sanden Søvik gav seg som leiar av masters-utvalet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ove Leon Låstad
Oppdatering av Våre stevner og løp
22.03.2026
Vilde-Sofie Torvund er uttatt til Nordisk
26.10.2025
Barske gleder i Sørfjorden Halvmaraton
04.10.2025
Resultatliste Askokarusellen 17.sep.
17.09.2025