Rapport frå kretstinget

Postet av Ove Leon Låstad den 22. Mar 2026

Hordaland Friidrettskrets sitt kretsting blei arrangert 20-21.mars med klubbmøte fredag kveld og sjølve tinget om laurdagen. Som klubbrepresentantar møtte Jarle Iversen, Randi Bysheim og Ove Leon Låstad. Det var ikkje dei store sakene denne gangen og ei grundig årsmelding for den 2 årige tingperioden oppsummerte det meste. 2025 var eit spesielt hektisk år i friidrettskretsen med store arrangement som Trond Mohn Games, EM U23 og junior-NM på Fana stadion, samt hovud-NM på Askøy. Tinget vart faktisk ferdig i god tid før oppsett tidsskjema. Friidrettsgruppa har vore godt representerte i styret og utval og følgjande blei valde for 2 nye år:

  • Marit Austnes, attval som leiar av dommarutvalet
  • Ingrid Alræk Dugstad, attval som leiar av anleggsutvalet
  • Stein Fossen, attval som leiar av serie- og statistikkutvalet
  • Eirik Frøholm, valt som nytt varamedlem til anleggsutvalet

Jonny Andersen tok ikkje attval som styremedlem og Eldbjørg Sanden Søvik gav seg som leiar av masters-utvalet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.