Fristafetten åpna stafettsesongen etter 2 år med avlysningar
Postet av Idrettslaget Fri den 6. Apr 2022

Endeleg var det klart for Fristafetten igjen - den.6 på Arna idrettspark og den 38. totalt. Det virka som både utøvarar, trenarar, lagleiarar og publikum syntest det var kjekt å kome i gang igjen med stafettløping etter 2 års pause. Med nye løypetrasear der vi tok i bruk den nye bydelsparken med kastfeltet fekk vi ein kompakt stafett, der publikum kunne følgje med på det meste heile tida. 75 lag var påmeldt, men det kom nokre forfall som gjorde at knappe 70 deltok. Det er mange som slit med influensa og Covid-19 for tida, noko som medførte at ei rekkje klubbar ikkje klarte å stille så mange lag eller ingen lag i heile tatt.
Resultatliste med automatiske etappetider finn du her:
https://live.eqtiming.com/61226#result
Tusen takk til alle som hjalp til med arrangementet og ikkje minst til alle klubbane som deltok!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Idrettslaget Fri
Fristafetten - takk til alle som var med!
16.04.2026
EM-sølv til Eldbjørg i tresteg
30.03.2026
Bergensalliansen legges ned
18.03.2026
Arnamesterskapet i hopp uten tilløp
18.03.2026
Frikarusellen 6
13.03.2026