Resultat årets første Askokarusell

Postet av Idrettslaget Fri den 8. Jun 2024

Onsdag gjekk årets første Askokarusell av stabelen på idrettsparken med god deltaking med tanke på vermeldinga. Heldigvis slapp vi unna med 2 regnbyger, men temperaturen var ikkje så mykje å skryte av for å vere juni. Det var mange rekruttar som ville etterpåmelde seg og det medførte endringar i tidsskjemaet for lengde som gjorde at 14 år og eldre måtte vente heilt til 20:15 før dei fekk hoppe. Totalt var det 117 startar og 21 forfall.
Heile 10 kvinner stilte til start på 5000m og det har ikkje skjedd før på idrettsparken. Elles må vi nemne ein aldri så liten kuriositet på 5000m for menn. Normalt deltar det fleire veteranar enn junior/senior frå arrangørklubben på mellom- og langdistanse, men i herreheatet var forholdet 3 junior/senior mot 2 veteranar. Fleire foto frå stevnet finn du på Fri sin Facebook-side: https://www.facebook.com/ilfrifriidrett
PS. Vi beklager sein publisering av resultatlista pga sjukdom.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.