Sørfjorden halvmaraton
Postet av Idrettslaget Fri av Ove Leon Låstad den 3. okt 2026
Av 700 startande var det 695 som fullførte Sørfjorden halvmaraton i dag fordelt på 503 menn og 192 kvinner.
Foto: Årets vinnar Karl Jonas Tronstad, Varegg Fleridrett på veg mot mål.
Før start var løpet fullteikna med 1000 deltakarar, men regnfulle timar før start og togtrøbbel mellom Arna og Bergen i morgontimane gjorde nok sitt til at heile 300 blei verande heime. Dei blei dobbelt siger til Varegg Fleridrett ved Karl Johan Tronstad i herreklassen med 1:07.56 og Berthine Riise Carlsen med 1:16.10 (ny løyperekord med 2 minutt og 35 sekund).
Her kan du se vår filmfotograf Torgils Fossen sin video frå målgangen for alle deltakarane: https://youtu.be/4pOcjGgjcpM
Lenke til lokalavisa Bygdanytt sin store reportasje med masse bilete: https://www.bygdanytt.no/sport/i/n9aWvn/saa-vondt-saa-godt-saa-ferdig-soerfjorden-halvmaraton-2026-i-bilder
Lenke til reportasje på Kondis sin nettside: https://www.kondis.no/idrett/spennende-herreduell-og-ny-loyperekord-for-kvinner-i-sorfjorden-halvmaraton/1593791
Sørfjorden halvmaraton vart arrangert for 7.gong og statistikken over antal løparar i mål viser:
2020: 176, 2021: 301, 2022: 305, 2023: 376, 2024: 576, 2025: 574 og 2026: 695.
I dag sprang 5 under 1:10, 46 under 1:20, 175 under 1:30, 341 under 1:40, 499 under 1:50, 602 under 2:00, 646 under 2:10, 675 under 2:20, 686 under 2:30, 691 under 2:40 og 695 under 2:50.
Tusen takk til alle deltakarane, funksjonærane og publikum som gjorde Sørfjorden halvmaraton til ein flott folkefest på gamlevegen mellom Garnes og Risnes som ein gong i tida var europavegen (E68) mellom Bergen og Oslo.
Logg inn for å skrive en kommentar.