I Arnaløpet er filosofien at alle deltar i ein klasse uansett alder og nivå. Det blir kun skilt mellom 10 km og Familieløype.
Barnevogn er tillatt for babyar og små barn som ikkje klarer å gå sjølve, men dei må ha på startnummer for at tida skal bli registert.
Det går an å delta i begge løypene, men då må ein betale dobbel startkontingent og bruke to ulike startnummer. Utøvaren er sjølv ansvarleg for å rekkje starten i den lange løypa som begynner ein halvtime etter den korte løypa.
Dersom ein utøvar er påmeldt i Familieløypa, men ønskjer å delta på 10-km eller motsatt må vedkommande ta kontakt med arrangøren, det vil seie dei som har ansvaret for etterpåmelding. Utøvaren vil då bli registrert i ny løype og vil samstundes få utdelt nytt startnummer.
Arnaløpet for IL Fri sine funksjonærar blir arrangert dagen før (vanlegvis søndagskvelden kl.19:30). Her kan også dei som ikkje har muligheit til å delta på sjølve Arnaløpskvelden stille opp og få godkjent antal gangar.
Kalender
|
|