Påmelding for lag tilslutta Norges Friidrettsforbund i Min idrett innan søndag 3. april kl. 23:59. Registrer gjerne lagoppstilling ved påmelding.
PS. Det står øvelse=Tinestafett i Min Idrett fordi det er den einaste stafettypen som gjer det mulig å leggje inn både 4 og 6 løparar.
Startkontingent kr. 350,- pr. lag for menn og kvinner junior U23, senior, veteran 35+, superveteran 45+ og superveteran 60+.
Startkontingent kr. 300,- pr. lag for gutar 11-14 år, jenter 11-14 år, miks 11-14 år og miks 11-17 år.
Startkontingent kr. 150,- pr. lag for rekrutt miks 6-10 år.
Vi minner om kravet om heilårslisens for alle frå 13-80 år. Alternativt skal det betalast kr.15,- i eingangslisens pr. deltakar utan heilårslisens.
Påmelding for lag tilslutta Norges Bedriftsidrettsforbund skal sendast på epost til info@il-fri.no innan lørdag 2.april kl. 23:59.
Startkontingent kr. 350,- pr. lag menn og kvinner bedrift og bedrift veteran 35+.
Det er ikkje krav om lisens for lag tilslutta Norges Bedriftsidrettsforbund.
Etterpåmelding pr. lag 4-5.april: kr.500,- for menn og kvinner, kr.400,- for jenter/gutar/miks og kr.250,- for rekrutt. Ingen etterpåmelding løpsdagen.
Etterpåmelding uansett klasse skal sendast på epost til info@il-fri.no
Startkontingent skal betalast til:
IL Fri, boks 206 Indre Arna, 5888 Bergen. Bankgiro 3633.51.16326
KONTAKTPERSONAR:
Ove Leon Låstad, tlf. 992 72 130 og Jarle Iversen, tlf. 930 42 924
INFORMASJON OG RESULTATLISTE:
Stevneprogram blir distribuert til alle påmelde lag 4.april. Følg med på:
www.il-fri.no
www.eqtiming.no