Fristafetten

Fristafetten blei første gang arrangert på Espeland 5.september i 1983, men frå og med 1984 vart det ein vårstafett. Otto Hellegård var initiativtakar til stafetten som hadde start og mål på Espeland idrettsplass og der uteetappane gjekk i området mellom Lone og Janusfabrikken. Det er tradisjon at Fristafetten innleiar stafettsesongen for friidrettsfolket i Hordaland Friidrettskrets. 

I 1986 gjekk kvinneklassane over til å nytte same løypetrase som herrane, medan i 1987 var den einaste gongen at stafetten ikkje kunne ha start og mål på Espeland idrettsplass grunna store snømengder. I 1988 vart løypetraseen justert, fordi det kom ny veg på baksida av Espelandshallen.

I og med at løpebana forsvann i samband med ombygging til kunstgrasbane på Espeland, vart stafetten flytta frå Espeland til Arna idrettspark i 2015. Det første året på Arna idrettspark gjekk uteetappane i området Stølsvegen - Vollavegen - Gotevollen, men det gav ein litt uoversiktleg stafett for publikum og løparar, samt at mange klagde på den lange nedoverbakken tilbake til idrettsparken. Derfor fekk vi på plass ein meir komprimert løypetrase i 2016. Denne byr på ein del krappe svingar der ein kryssar Indre Arnavegen, men med flate etappar og gode muligheitar for alle til å følgje utviklinga i stafetten håpar at vi kan ha denne traseen i mange år. 

Ved flyttinga til Arna idrettspark vart forøvrig etappane for jenter og gutar reduserte frå 8 til 6.

På Espeland låg deltakinga på oppunder 100 lag, medan ved flyttinga til Arna idrettspark noterte vi oss for deltakarrekord i 2015 med 121 lag.

Kalender

Juli
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

12.08.2019
Seriestevne - Askokarusellen

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.08.2019
Arnaløpet

18:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

04.09.2019
Friidrettens dag - Skuleløpet

17:30 - 21:15

Arna idrettspark

18.09.2019
Seriestevne - Askokarusellen

18:00 - 21:00

Arna idrettspark

16.10.2019
Seriestevne - Askokarusellen

18:30 - 20:30

Arna idrettspark