Nyheter
Tusen takk til elevar, foreldre, funksjonærar, dommarar og øvrige publikumarar som var på Arna idrettspark i kveld. Flott innsats av dei 102 elevane som deltok på 100m og liten ball. I alt var det 124 påmelde til skuleidrettsarrangementet.
Trykk LES MER for å se resultat
I kveld er det Arnaleikane på Arna idrettspark. Dette er eit arrangement for elevar i 1-7.klasse ved barneskulane i Arna bydel. Så langt er det påmeldt 98 barn, men det kan kome fleire påmeldingar utover dagen. Øvingane er 100m og ballkast (liten ball 150g) for alle. Vi begynner med 100m for dei minste kl. 18:00 og avsluttar med dei eldste. Etter målpassering på 100m går ein til neste stasjon som er kast med iten ball. Når ein ferdig med ballkast får alle utdelt medalje og Bamsesaft frå Saft Suse på Arnatveit.
Resultata blir lagt ut fortløpande på denne nettsida. Trykk på LES MER for startliste med starttider.
NB: det kan bli nokre justeringar i tidsskjemaet i løpet av kvelden, men speaker vil opplyse om det.
496 gjennomførte familie-løypa på 3,4km og 68 deltok på 10km.
Raskast av alle på 10km var Marius Sørli, Ask Friidrett med 32,02 som er ny løyperekord. Den gamle var på 32.19. På plassane bak Marius følgde Bjørn Rusten Lundberg, Varegg med 33,01 og Espen Roll-Karlsen, Gneist med 33,36. Av damene så kom Rebekka Birkeland, Frekhaug først til mål på ny løyperekord 38,07 føre Ine Birgitte Nyhus, Varegg med 39,03 og Nora Midttun, Fri med 39,32.
I familieløypa var Thea Knutsen, Varegg raskast av alle med 12,03.
Lenke til resultatliste for familieløypa: Arnaløpet 2022 (eqtiming.com)
Lenke til resultatliste for 10 km: Arnaløpet 2022 (eqtiming.com)
Under junior-NM i Bærum i helga persa Vilde-Sofie Torvund med nesten 6 sekund på 1500m til 4,38,24. Den gamle persen var 4,44,10 frå Framolekene tidlegare i år. Vilde-Sofie som er 16 år deltok i klassen U20 der ho blei nr.8 i det sterke feltet. Norsk meister vart 19-åringen Ingeborg Østgård, Ren-Eng med 4,17,54. Vilde-Sofie måtte også i gjennom forsøksheat dagen før finalen. Der markerte ho seg med ein 3.plass i det 2. forsøksheatet med 4,44,48, kun 25 hundredelar bak Østgård som deltok på 1500m under EM i München og U20-VM i Colombia. Med sin nye pers avanserte Vilde-Sofie til 2.plass gjennom alle tider i IL Fri. Kun klubbrekordhaldar Bente Landøy Rasmussen har betre tid.
Askokarusellen vart innleia med den store 60m-duellen i klassen 80-84 år mellom Torstein Nesse og Britt Torvund. Torstein var klart best med tida 14,89, medan Britt kom i mål på 17,71. Det er første gangen nokon frå Fri løper 60m i denne klassen.
Så blei det ny banerekord på 60m for kvinner av Leah Marie Henriksen Indrebø, Ask Friidrett med 7,94. Deretter følgde Sondre Lindaas Gjesdal, Gular opp med ny banerekord på 300m for menn med 34,73. På 5000m sette Einar Færø, Eikanger IL ny norsk veteranaldersrekord i klassen 65-69 år med 18,25,11.
Totalt 46 deltakarar fordelt på 72 startar var med i kveld. Vi minner om neste Askokarusell onsdag 21.sep. Då blir det 60m, 200m, 800m, 3000m, 200m hekk, høgde (10-14 år og veteranar), spyd og liten ball.
Resultata frå Torstein Nesse Games er no kome inn i Norgesstatistikken og den viser at av 76 resultat totalt, så var 49 av desse enten årsbeste eller personleg rekord. Det er ganske bra utteljing som vitnar om gode forhold og det var det absolutt på denne store dagen. Her er lenke til herrestatistikken: Friidrettsstatistikk på friidrett.no
Søk på Torstein Nesse Games ved f.eks. å trykkje CTRL+F. For å se damestatikken må du endre klasse til kvinner senior.
Fleire av dei som sprang 1 engelsk mil persa også eller sette årsbeste på 1500m.
Elles er banerekord-oversikta for Arna idrettspark oppdatert, se: https://www.il-fri.no/IL-Fri/Statistikk-sidemeny/Klubbrekorder/Banerekorder-Arna-idrettspark.html
Mandag 15.aug. er det klart for ny Askokarusell på Arna idrettspark. Det er påmeldt 40 deltakarar. Her er oppdatert tidsskjema:
18:20 60m veteran 80+(1 heat med 2 delt.)
18:30 60m (5 heat. 17 delt. Begynner med rekrutt. Veteran i det siste heatet)
18:40 tresteg 11-14 år (4 delt.)
18:45 liten ball 6-10 år (påmelding ved start)
19:00 100m 12 år og eldre (3 heat. 10 delt.)
19:20 600m 10-14 år (1 heat: 3 delt.)
19:20 kule 11 år og eldre (5 delt.)
19:30 300m 12 år og eldre (2 heat: 3 delt.)
19:45 1500m 12-14 år (1 heat: 5 delt.)
19:55 1500m menn (1 heat: 6 delt.)
20:00 slegge menn (1 delt.)
20:05 1500m kvinner (1 heat: 4 delt.)
20:20 5000m menn (1 heat: 2 delt.)
Henting av startnr. i sekretariatet seinast ein halvtime før den enkelte øvinga startar.
NB: 10 år og yngre kan melde seg på 60m og liten ball i sekretariatet.
I strålande solskin vart Torstein Nesse hylla på sin 80 årsdag på Arna idrettspark. Arrangementskomiteen vil takka alle som var med å kasta glans over jubilanten.
Vår filmfotograf Torgils Fossen har publisert video på YouTube: https://youtu.be/yEcqU9i8atE
Se foto av Torstein frå gamle dagar og helsingar i stevneprogrammet: Program TNG 1_aug.pdf
Under elitestevne-delen blei det sett ny junior-verdsrekord på 1 engelsk mil for døve då Tobias Allers-Hansen, Gneist sprang inn til 4,24,75 og 4.plass for menn senior. I tillegg vart det 6 nye banerekordar og ei tangering.
Regnveret gjorde nok sitt til at oppslutninga om Askokarusellen 6.juli ikkje var den beste, men likevel blei det oppnådd ei rekkje fine resultat. Vi nemner 11,29 på 100m i svak motvind og 1,59,93 på 800m. I diskos fekk vi kast over 50m og i spyd nesten 50m. Trykk på LES MER for å se resultatlista.
Det er påmeldt 39 deltakarar fordelt på 62 startar. Startliste med heatoppsett: Deltakerliste Askokarusellen 20220706.pdf
Oppdatert tidsskjema 6.juli
18:30 60m alle klassar
18:45 Lengde satssone 13 år og yngre
18:55 100m 12 år og eldre
19:10 3000m 15 år og eldre
19:15 Lengde 14 år og eldre
19:30 200m 11 år og eldre
19:50 Spyd 11 år og eldre
19:50 800m 14 år og eldre
20:20 Diskos junior og senior
Fri-utøveren som er født i 1999 klemte til med seier under helgens maraton i Jølster.
Han kom i mål på sterke 2.45.05, halvannet minutt foran nr. 2, Andreas Akse fra ILHyllestad.
Nesten 400 deltakere stilte til start i de ulike distansene som fjorårets NM-arrangør tilbyr.
Dette lover godt for høstens løpsfest langs Sørfjorden hvor Sander løp inn til gode 1.15.27 i 2021 og "pustet" begge våre toppløpere, Andreas Vågen 1.12.03 og Espen Borge Joensen 1.12.14, i nakken.
Det blei sett ny banerekord med 7,2kg kule av Nicholas Coghill, Fri som støytte heile 16,86m. Dermed sletta han Martin Roe, Fri sin 10 år gamle banerekord som var på 14,78m. USA-studenten Matilde Roe, Fri er tilbake i Arna på sommarferie og ho konkurrerte også i kule der ho oppnådde 13,20m. Både Matilde og Nicholas forsøkte seg i diskos i regnveret, men fekk ingen gyldige resultat. Total 68 startar blei gjennomførte under stevnet.
Trykk på LES MER for resultatliste.
Startliste og tidsskjema for Askokarusellen 22.juni er no klar med heat- og banefordeling. Totalt er det påmeldt 53 deltakarar fordelt på 73 startar. Her er oppdatert tidsskjema:
18:30 60m og kule
18:55 100m
19:00 Høgde
19:15 1500m
19:45 400m
19:50 5000m
20:00 Diskos
Alle skal ha startnr. Henting av startnr. seinast ein halvtime før øvinga startar. Husk at lisensen må vere i orden.