Resultatliste Askokarusellen nr.3

Den 3. Askokarusellen gjekk av stabelen i Idrettsparken onsdag kveld med totalt 77 startar. 

Resultatliste kan du se her: Resultatliste - Askokarusellen-20240703.pdf

Vår filmfotograf Torgils Fossen har lagt ut denne videoen frå stevnet på YouTube: https://youtu.be/W9qBEmNlcHU

 Trykk på LES MER for fleire foto og reportasje.

2024-07-03
Ove Leon Låstad

Biletet over viser Fri-gjengen i veteranfeltet på 5000m saman med ein ostring (startnr 434) og ein samning (bak Vigdis med startnr 440).

Det blei prestert mange gode resultat. På 5000m sette Vigdis Gaupholm Reigstad, Fri ny kretsbestenotering i klasse 50-54 år med tida 18:45.14. Det var ein solid forbetring av den gamle kretsbestenoteringa på 19:22.61 frå 2008 som tilhøyrte Bente Rosvold Midttun, Osterøy. Vigdis hadde selskap på 5000m av heile 5 mannlege Fri-kollegaer, der Espen Irgens Haugen var sjefshare for Vigdis. 

Så overlevde ostringen Martin Loftås Kåstad sin banerekord på 400m på 49.28 frå 2015, men unge Vegard Høylo Trefall, Osterøy var ganske nære på å ta den med 49.42 (3 hundredelar bak persen sin). Martin Loftås Kåstad har no omskolert seg til langdistanseløpar og innspurten hans på oppløpssida på 5000m var det verkeleg sus over. Raskast av alle på 5000m var Børge Bjørsvik Larsson, Varegg som vann 5000m for menn senior med 15,34,57.

I lengde for kvinner hoppa Lea Alise Gundersen, Fyllingen heile 5,53m.

Asko-3-lengde-Gundersen.jpeg



Borte på kastfeltet var det bra oppslutning med 5 deltakarar i spyd og 10 i diskos. Andreas Sandin, Fri i 14-årsklassen sette ny personleg rekord med 600 gram spydet som landa på 32,03m.

PS.Du finn også mange foto på IL Fri - friidrett sin Facebook-side.

 

Kalender

Juli
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

15.08.2024
Arna kastkarusell-4 med innlagt lengde utan tilløp og tresteg utan tilløp

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

19.08.2024
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.08.2024
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

04.09.2024
Arnaleikane - Friidrettens dag

18:00 - 20:30

Arna idrettspark

16.09.2024
Askokarusellen-5

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.09.2024
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

05.10.2024
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass