1 norsk rekord og 1 Europa-rekord for veteranar i Askokarusellen-3

I Askokarusellen-3 var det annonsert forsøk på å slå verdsrekorden på 5000m i klasse 70-74 år. Ivar Sandø frå BFG Bergen Løpeklubb klarte ikkje den rekorden, men han gjorde eit kjempeløp og sette ny europeisk rekord på distansen med den sterke tida 18:32,41. Den gamle Europa-rekorden var på 18:33,85. På 1500m i klasse 60-64 år slo Bjarte Bogstad, Gular den gamle norske rekorden då han sprang i mål på solide 4:40,46. 

Her er video frå stevnet regisert av Torgils Fossen: https://www.youtube.com/watch?v=ucYF2__CNp0
Lenke til resultatliste for Askokarusellen-3: Resultatliste - Askokarusellen-3.pdf

2023-07-05
Ove Leon Låstad

Det var fine forhold på Arna idrettspark denne kvelden og spesielt då 5000m løpet gjekk av stabelen. Raskast av alle var Øyvind Loftås, Fri som noterte seg for klar årsbeste med 16:28,38. Han er forøvrig i klasse 40-44 år. Størst spenning var det sjølvsagt knytta til løpet til Ivar Sandø, BFG Bergen Løpeklubb. Verdsrekorden på 18:15,53 i klasse 70-74 år blei for tøff denne gangen, men det er ikkje urealistisk at han kan slå den. Etter dei første rundane låg han an tid ei tid i underkant av 18:45, men i siste halvdel av løpet senka han rundetidene og med ei solid avslutning kom han i mål på 18:32,41. Det var akkurat nok til å slå Europa-rekorden, drøye 3 sekund føre den nordiske rekorden og eit hav av tid i forhold til den norske rekorden på 19:28,45.

Ivar Sandø dei siste metrane mot mål.

Bjarte Bogstad, Gular klarte akkurat å kapre den norske rekorden på 1500m i klasse 60-64 år med tida 4:40,48. Dermed slo han Gunnar Gaulen, AKS-77 sin 22 år gamle rekord på 4:41,66. Først i mål av veteranane kom Thomas Skjæveland, Fri i klasse 45-49 år. Han oppnådde fine 4:28,36.

Lenke til resultatliste for Askokarusellen-3: Resultatliste - Askokarusellen-3.pdf
 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass