Mange fine resultat i Askokarusellen-2

Heldigvis slo ikkje vermeldinga til med striregn, lyn og torden under Askokarusellen-2 på Arna idrettspark 26.juni. Det vart registrert 99 startar mot 132 påmelde.  Dei fleste avmeldingane skuldast mest sannsynleg den dårlege vermeldinga. Det var ideelle langdistanseforhold, men litt motvind på sprinten og vått i tekniske øvingar.
På 3000m for menn sette Ivar Andreas Sandø, BFG Bergen løpeklubb ny norsk og nordisk rekord i klasse 70-74 år med den svært gode tida 10,43,80. Den gamle norske rekorden var på 11,26,3 frå 1988. Raskast av alle på 3000m var 15 år gamle Martin Mjelde frå Gneist som noterte seg for flott ny personleg rekord på 9,03,65. På 800m for menn kom Eivind Langøy, AKS-77 under 2 minuttars grensa for første gang med 1,59,40 etter ein skikkeleg spurt duell med Gneistløparane Aleksanser Øyen Hauge (1,59,48) og Kristoffer Hopland (1,59,50).
På 5000m var 26.juni siste frist for å kvalifisere til hovud-NM på Jessheim om halvannan veke. Kravet for menn er 14,59,99 og for kvinner 17,59,99. Jonas Skjerven frå Mjøsdalen hadde ein solid avslutning og senka persen sin frå 15,36,93 til 14;55.02 og han var heilt klart den lykligaste utøveren på Arna idrettspark denne kvelden. Andreas Fantoft på 2.plass persa til 15,13,65. Av damene sette Amalie Joensen, Gular ny årsbeste med 17,29,27, men ho var allereie kvalifisert til hovud-NM. Hannah Silgjerd, Varegg klarte NM-kravet for første gang med 17,57,87.
Her er resultatlista: Resultater Askokarusellen-2.pdf

2023-06-27
Ove Leon Låstad

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

20.05.2024
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

23.05.2024
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2024
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

20.06.2024
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

03.07.2024
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.08.2024
Arna kastkarusell-4

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

19.08.2024
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.08.2024
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

04.09.2024
Arnaleikane - Friidrettens dag

18:00 - 20:30

Arna idrettspark

16.09.2024
Askokarusellen-5

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.09.2024
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

05.10.2024
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass