Ny solid pers på 1500m av Vilde-Sofie Torvund i junior-NM

Under junior-NM i Bærum i helga persa Vilde-Sofie Torvund med nesten 6 sekund på 1500m til 4,38,24. Den gamle persen var 4,44,10 frå Framolekene tidlegare i år. Vilde-Sofie som er 16 år deltok i klassen U20 der ho blei nr.8 i det sterke feltet. Norsk meister vart 19-åringen Ingeborg Østgård, Ren-Eng med 4,17,54. Vilde-Sofie måtte også i gjennom forsøksheat dagen før finalen. Der markerte ho seg med ein  3.plass i det 2. forsøksheatet med 4,44,48, kun 25 hundredelar bak Østgård som deltok på 1500m under EM i München og U20-VM i Colombia. Med sin nye pers avanserte Vilde-Sofie til 2.plass gjennom alle tider i IL Fri. Kun klubbrekordhaldar Bente Landøy Rasmussen har betre tid.

2022-08-29
Ove Leon Låstad

Kalender

Oktober
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

07.10.2023
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

25.10.2023
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass