Fleire av Norges beste mellomdistanseløparar stiller til start på 1 engelsk mil

Det ligg an til å bli eit veldig godt felt på 1 engelsk mil på idrettsparken på onsdag. Trygve Feidje Mjelde frå Osterøy har sagt ja til å vere hare og det er bestilt 800m passeringstid på 1:57. Gular-løparane Mats Hauge og Jakob Boutera jaktar på den magiske 4:00 grensa på distansen som er 1609,3m. Begge har persa på 1500m i år med respektive 3:40.01 og 3:42.80. I kveld vart det stadfesta at Team-Ingebrigtsen medlem Narve Gilje Nordås frå Sandnes tar turen til Arna. Han sette ny pers på 1500m i går med 3:41.40.
PS. starttidspunktet for 1 engelsk mil blir ca. 20:00.

2020-08-09
Ove Leon LÃ¥stad

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass