Vurderer nytt halvmaratonløp i NM-traseen frå 89 og 92

Det er aukande interesse for å arrangere halvmaratonløp i NM-traseen frå 1989 og 1992. Løypa den gangen hadde start og mål ved butikken på Garnes (like ovanfor gamle Garnes stasjon) og følgde gamlevegen til vending ved tunnelen på Risnes. Med sin flate løypeprofil blei det oppnådd mange gode tider. I 1989 sprang heile 50 løparar under 1 time og 10 minutt.  

2020-05-04
Ove Leon Låstad

I 1989 arrangerte friidrettsgruppa i Fri NM i halvmaraton på Garnes i samband med 60 årsjubileet til idrettslaget. 

foto%20NM%20halvmaraton%201989.jpg

Fotoet er henta frå Friidrettskalenderen 1989.


Her kan du lese førehandsomtalen (faksimile frå Bygdanytt) med NM-general Torstein Garnes Johnsen. Overskrifta kom dessverre ikkje med under scanninga av det gamle avisutklippet, men den var altså: Mot gigantisk NM.

tgj om halvmaraton i BN 1989.pdf

Reportasje i BT om NM 1989 og 1992:

reportasje i BT NM halvmaraton 1989.pdf

reportasje i BT NM halvmaraton 1992.pdf

Tor Vevle var beste Fri-løpar i 1989. I ein alder av 49 år presterte han 1.13.07.
Dette sa han til Bygdanytt etter løpet:

tor vevle halvmaraton i BN 1989.pdf

I 1992 var Johannes Rosvold raskaste Fri-løpar på 15.plass med 1.07.24. Det var drøye halvminuttet bak klubbrekorden til Bjarne Huseklepp på 1.06.50 frå 1984.

Den norske alle tiders beste statistikken på Friidrettsforbundet sin webside har ikkje vore oppdatert sidan 1. jan. 2014, men ein gjennomgang viser at 30 av dei 380 beste tidene for menn vart oppnådde under NM halvmaraton på Garnes i 1989 og 1992. 

Lenke til statistikken for menn: https://www.friidrett.no/globalassets/aktivitet/statistikk/alle-tiders/mennute/www.friidrett.no-mhalvmar.htm
Lenke til statistikken for kvinner: https://www.friidrett.no/globalassets/aktivitet/statistikk/alle-tiders/kvinnerute/www.friidrett.no-khalvmar.htm

Her er utklipp av resultatliste i BT frå 1989:

Resultat%20NM%20halvmaraton%201989.jpg

Her er utklipp av resultatliste i BT frå 1992:

Resultat%20NM%20halvmaraton%201992.jpg

Lenke til Kondis sin halvmaratonstatistikk for 2019, menn: https://www.kondis.no/index.php?id=6181330
og kvinner: https://www.kondis.no/index.php?id=6181331

Planleggingsarbeidet for nytt halvmaratonløp har så vidt starta og går alt bra kan det bli eit arrangement i oktober/november. Så får vi heller finne eit meir passande tidspunkt i 2021.

Kalender

Juli
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

14.07.2020
Skansemyren kastkarusell

18:00 - 21:00

Skansemyren Idrettsplass

28.07.2020
Skansemyren kastkarusell

18:00 - 21:00

Skansemyren Idrettsplass

04.08.2020
Skansemyren kastkarusell

18:00 - 21:00

Skansemyren Idrettsplass

10.08.2020
Nestle-lekene - friidrettsaktiviter for barn

09:00 - 14:00

Arna idrettspark

12.08.2020
Asko-karusellen

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

18.08.2020
Skansemyren kastkarusell

18:00 - 21:00

Skansemyren Idrettsplass

24.08.2020
ArnaløpUken

00:00 - 23:55

Espeland idrettsplass

01.09.2020
Skansemyren kastkarusell

18:00 - 21:00

Skansemyren Idrettsplass

09.09.2020
Friidrettens dag/Skuleløpet

17:30 - 21:00

Arna idrettspark

23.09.2020
Asko-karusellen

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

13.10.2020
Asko-karusellen

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

31.10.2020
Halvmaraton

14:00 - 17:00

Garnes-Risnes-Garnes