Nyheter

Fine forhold under det 40. Arnaløpet på Espeland. I alt fullførte 653 sprekingar fordelt på 573 i familieløypa og 80 på 10 km. Totalt var det 681 påmelde og det gir ein ganske låg fråfallsprosent på 4,1. 
Komplette resultatlister finn du på Eqtiming:

Familieløype: https://live.eqtiming.com/65906#result:252558-0-1258694-1-1-

10 km: https://live.eqtiming.com/65906#result:252557-0-1258695-1-1-

Arnaløpet på Facebook: https://www.facebook.com/search/top/?q=arnal%C3%B8pet

Her kan du se video publisert på YouTube frå målgangen: https://youtu.be/i6LC78QwaYo

Reportasje i lokalavisa Bygdanytt finn du her: https://www.bygdanytt.no/sport/i/VPM0Lr/arnaloepet-2023-i-bilete

Oversikt over ant. gangar for alle som har deltatt i perioden 1984-2022: Arnaløpet 2023_alle_39g_v2.pdf
Eventuelle feil i ant. gangar kan meldast til: arnalopet@il-fri.no

29.08.2023
- Ove Leon Låstad

Ny pers og 6.plass på 1500m for Vilde-Sofie Torvund i U20-klassen, mens Synne-Helen Torvund gjorde comeback i stav med sølv i U23-klassen.

28.08.2023
- Kjetil Torvund

Vi starter opp trening igjen etter sommerferien, den 21.08. Alle er hjertelig velkommen. Har du ikke forsøkt friidrett før så er det bare å møte opp for å prøve.

Mandag

Rekrutt (6-9 år) - og mellomgruppe (10-14 år): 18.00 – 19.00 Trener: Erik Iden Mail: erikiden02@gmail.com 

15 år og eldre: 18.00 - 20.00 Trener Morten Solheim 

Onsdag

Rekruttgruppe:  (6-9 år) 18.00 - 19.00 Trener: Randi Bysheim

Mellomgruppe: (10-14 år)17.30 – 19.00 Trener: Linn Lohne Mail: linnblone@hotmail.com

Torsdag

15 år og eldre: 18.00 - 20.00 Trener Morten Solheim

Fredag

Rekruttgruppe: (6-9 år) 18.00 - 19.00 Trener: Randi Bysheim

Mellomgruppe: (10-14 år) 17.30 – 19.00 Trener: Linn Lohne Mail: linnblone@hotmail.com

20.08.2023
- Erik

Det fjerde Askokarusell-stevnet blei arrangert på Arna idrettspark 14.aug. med mange fine resultat. Det gode forhold under stevnet, ingen regnbyger men litt motvind på sprinten, der Sondre Faugstad Amundsen, Gular er på gang igjen med 21,97 på 200m i seniorklassen. I 13-årsklassen imponerte Adrian Konglevoll Thomsen, Viking med norsk årsbeste 25,54 for alderstrinnet. 
Av veteran-prestasjonar så går våre gratulasjonar til Ivar Andreas Sandø, BFG Bergen Løpeklubb som forbetra sin norske og nordiske rekord på 3000m i klasse 70-74 år frå 10,43,80 til 10,43,13. Med drahjelp kunne han ha tatt både Europa-rekorden på 10:42,40 og kanskje også verdsrekorden på 10:40,56.
I 600m for menn senior sette Marios Ktorides-Valen, Gneist ny banerekord med 1:23,38.
Elles noterer vi at Eivind Sæbø, Fri persa med 5 cm i høgde til 1,35 i 13-årsklasen.

Komplett resultatliste kan du laste ned her: Resultatliste Askokarusellen 20230814.pdf

Vår filmfotograf Torgils Fossen har publisert denne videon frå stevnet på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=LfGSAtgLm_E

14.08.2023
- Ove Leon Låstad

Her er oppdatert tidsskjema for Askokarusellen 14.aug.:

18:30 60m alle klassar, 6 heat
18:50 Høgde 10-14 år, 6 deltakarar
19:00 200m 11 år og eldre, 4 heat
19:15 Kule 10 år og eldre, 7 deltakarar
19:30 3000m 15 år og eldre, 2 heat
20:00 Spyd 11 år og eldre, 3 deltakarar
20:10 600m 10-14 år, 1 heat
20:15 600m senior, 1 heat
20:25 800m 15 år og eldre, 2 heat

Husk å hente startnummer i sekretariatet seinast ein halvtime før øvinga du skal vere med på startar.
For detaljar med heatoppsett, m.m. se startlista her: Deltakerliste - Askokarusellen-4.pdf

06.08.2023
- Ove Leon Låstad

Vilde-Sofie Torvund løpte inn til 2:18.23 på 800m i den Nordiske juniorlandskampen på Bislett. Det er hennar neste beste tid på distansen. Finland tok dei to første plassane på 800m, føre to svenskar og ein danske. Deretter kom Vilde-Sofie og hennar norske makker. Her er lenke til resultatlista: https://norway.opentrack.run/en-gb/x/2023/NOR/nordicu20/event/T17/1/1/

23.07.2023
- Ove Leon Låstad

Til helga 22-23.juli går den årlege Nordiske juniorlandskampen (aldersklasse 16-19 år) av stabelen i Oslo med Bislett stadion som arena. Vilde-Sofie Torvund debuterer i landslagsdrakta og er tatt ut til å løpe 800m som skjer på søndag. Så langt i sesongen har Vilde-Sofie sett nye personlege rekordar både på 800m og 1500m med respektive 2:16,69 og 4:37,67. Med dei tidene plasserer ho seg pr. 20.juli som nest best i landet på begge distansane i 17 årsklassen, medan ho er nr.5 i klasse 15-19 år på 800m. 
Årets store mål for Vilde-Sofie er junior-NM i Sandnes i slutten av august og deretter ungdomsmeisterskapen på Fana stadion i september. Vi ønskjer Vilde-Sofie lykke til på Bislett!

Lenke til arrangementet sin nettside: https://www.nordicmatchbislett.com/

21.07.2023
- Ove Leon Låstad

I Askokarusellen-3 var det annonsert forsøk på å slå verdsrekorden på 5000m i klasse 70-74 år. Ivar Sandø frå BFG Bergen Løpeklubb klarte ikkje den rekorden, men han gjorde eit kjempeløp og sette ny europeisk rekord på distansen med den sterke tida 18:32,41. Den gamle Europa-rekorden var på 18:33,85. På 1500m i klasse 60-64 år slo Bjarte Bogstad, Gular den gamle norske rekorden då han sprang i mål på solide 4:40,46. 

Her er video frå stevnet regisert av Torgils Fossen: https://www.youtube.com/watch?v=ucYF2__CNp0
Lenke til resultatliste for Askokarusellen-3: Resultatliste - Askokarusellen-3.pdf

05.07.2023
- Ove Leon Låstad

Då er alt klart for Askokarusellen -3 på Arna idrettspark onsdag 5.juli med 42 påmelde utøvarar fordelt på 71 startar.
Ivar Sandø, BFG Bergen Løpeklubb som sette ny norsk og nordisk rekord på 3000m i klasse 70-74 år i det forrige karusellstevnet har annonsert at han vil forsøke seg på verdsrekorden på 5000m i klasse 70-74 år. Den innehar Ron Robertson frå New Zealand på 18,15,53. Europa-rekorden lyder på 18,33,85, medan Nordisk-rekord er 18,36,0 og Norges-rekorden 19,28,45. 
Under Torstein Nesse Games i fjor fekk vi oppleve den første verdsrekorden på Arna idrettspark, det var på 1 engelsk mil for døve i klasse menn junior. Så no vert det spennande om det vert nok ein verdsrekord på Arna idrettspark.
 
Tidsskjema:  
18:20 Diskos menn veteran 55-59 år (1 deltakar)
18:30 60m alle klassar (4 heat)
18:45 Lengde 13 år og yngre (8 deltakarar)
19:00 100m 12 år og eldre (4 heat)
19:25 1500m 11 år og eldre (2 heat)
19:30 Liten ball 13 år og yngre (7 deltakarar)
19:55 400m 14 år og eldre (2 heat)
20:10 5000m 15 år og eldre (1 heat)
20:10 Diskos 11 år og eldre  (2 deltakarar)

Her er startliste med heat-oppsett: Deltakerliste - Askokarusellen-3.pdf

28.06.2023
- Ove Leon Låstad

Heldigvis slo ikkje vermeldinga til med striregn, lyn og torden under Askokarusellen-2 på Arna idrettspark 26.juni. Det vart registrert 99 startar mot 132 påmelde.  Dei fleste avmeldingane skuldast mest sannsynleg den dårlege vermeldinga. Det var ideelle langdistanseforhold, men litt motvind på sprinten og vått i tekniske øvingar.
På 3000m for menn sette Ivar Andreas Sandø, BFG Bergen løpeklubb ny norsk og nordisk rekord i klasse 70-74 år med den svært gode tida 10,43,80. Den gamle norske rekorden var på 11,26,3 frå 1988. Raskast av alle på 3000m var 15 år gamle Martin Mjelde frå Gneist som noterte seg for flott ny personleg rekord på 9,03,65. På 800m for menn kom Eivind Langøy, AKS-77 under 2 minuttars grensa for første gang med 1,59,40 etter ein skikkeleg spurt duell med Gneistløparane Aleksanser Øyen Hauge (1,59,48) og Kristoffer Hopland (1,59,50).
På 5000m var 26.juni siste frist for å kvalifisere til hovud-NM på Jessheim om halvannan veke. Kravet for menn er 14,59,99 og for kvinner 17,59,99. Jonas Skjerven frå Mjøsdalen hadde ein solid avslutning og senka persen sin frå 15,36,93 til 14;55.02 og han var heilt klart den lykligaste utøveren på Arna idrettspark denne kvelden. Andreas Fantoft på 2.plass persa til 15,13,65. Av damene sette Amalie Joensen, Gular ny årsbeste med 17,29,27, men ho var allereie kvalifisert til hovud-NM. Hannah Silgjerd, Varegg klarte NM-kravet for første gang med 17,57,87.
Her er resultatlista: Resultater Askokarusellen-2.pdf

27.06.2023
- Ove Leon Låstad

Det er god påmelding med 86 deltakarar fordelt på 129 startar. Her er startliste: Startliste Askokarusellen-2.pdf
Her er oppdatert tidsskjema for Askokarusellen på Arna idrettspark 26.juni:

18:15 100m hekk jenter 17 år (1 heat, 1 deltakar)
18:30 Slegge 11 år og eldre (7 deltakarar)
18:30 60m alle klassar (7 heat, startar med rekrutt, veteranheatet til slutt ca. 18:54)
18:50 Høgde 10-14 år (6 deltakarar)
19:05 200m 11 år år og eldre (6 heat, startar med jenter 11-12 år, veteranheatet til slutt ca. 19:30)
19:30 Kule 11 år og eldre (9 deltakarar)
19:40 Høgde veteranar (3 deltakarar)
19:40 3000m menn (1 heat, 10 deltakarar)
20:00 800m menn (1.heat, 8 deltakarar, seeding etter årsbeste 2.03 eller betre)
20:07 800m menn (2.heat, 7 deltakarar, øvrige)
20:14 800m gutar og jenter 14 år (9 deltakarar)
20:25 5000m (1 heat, 6 kvinner og 2 menn). Heatet blir gjennomført i samsvar med nasjonal regel 9.2.1 B: I konkurranser som ikke er forhåndsgodkjent av World Athletics for internasjonal ranking, kan kvinner og menn konkurrere sammen i løp som i sin helhet holdes inne på stadion, og er 3000 m eller lenger. Tillatelsen gjelder ikke i hinderløp. Oppnådde resultat kan gjelde som personlig bestenotering, og brukes i lagserien, men bare tillatt dersom det er et utilstrekkelig antall utøvere av et eller begge kjønn til å rettferdiggjøre gjennomføring av separate løp. Utøvernes kjønn skal vises i resultatlisten. Slike løp skal ikke i noe tilfelle gjennomføres slik at utøvere av ett kjønn blir trukket eller assistert av utøvere av motsatt kjønn.

NB: henting av startnummer i sekretariatet seinast ein halvtime før øvinga startar

25.06.2023
- Ove Leon Låstad

Norges Fotballforbund har sett opp fotballkamp (NM kvinner) på Arna idrettspark 21.juni. Derfor må vi flytte Askokarusellen-2 til måndag 26.juni.
All påmelding skjer i iSonen her: https://isonen.no/event/cl8rtdsoz9186916nk4z8k59hy/
NB: etter ønske har vi no lagt inn 5000m menn NM kvalifisering.

13.06.2023
- Ove Leon Låstad

Endeleg var vi heldige med veret i dei 3. Askolekene. God stemning, fine duellar og fleire personlege rekordar gjorde sitt til at dette blei eit vellukka arrangement. Alle utøvarane fekk is og saft etter dei var ferdige med konkurransen. Takk til alle deltakarane, publikum, trenarar, lagleiarar, dommarar og funksjonærar for ein triveleg stund på Arna idrettspark. Trykk på LES MER for å se resultatlista.

11.06.2023
- Ove Leon Låstad

Kalender

Februar
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
26272829123

Aktiviteter

06.03.2024
Frikarusellen 6.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass

11.03.2024
Arnameisterskapen i hopp u.t.

18:15 - 20:30

Garnes ungdomsskule

10.04.2024
Fristafetten

18:00 - 21:00

Arna idrettspark

25.04.2024
Arna kastkarusell-1

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

20.05.2024
Askokarusellen-1

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

23.05.2024
Arna kastkarusell-2

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

12.06.2024
Askokarusellen-2

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

20.06.2024
Arna kastkarusell-3

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

03.07.2024
Askokarusellen-3

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

15.08.2024
Arna kastkarusell-4

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

19.08.2024
Askokarusellen-4

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.08.2024
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

04.09.2024
Arnaleikane - Friidrettens dag

18:00 - 20:30

Arna idrettspark

16.09.2024
Askokarusellen-5

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

26.09.2024
Arna kastkarusell-5

18:00 - 20:00

Arna idrettspark

05.10.2024
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

23.10.2024
Frikarusellen 1.løp

19:00 - 19:45

Espeland idrettsplass