Sørfjorden halvmaraton med rekorddeltaking

Det blei ny rekord oppslutning for Sørfjorden halvmaraton med 576 som starta og av desse var det berre 7 som ikkje fullførte.
Etter nokre fine haustdagar denne uka så kom regnet i dag, men temperaturen var ideel for halvmaratonløp. Mange blide fjes etter målpassering og god stemning blant heiande publikum ute i løypa gjorde sitt til at deltakarane fekk ei god oppleving.

Lenke til resultatliste i Eqtiming:  https://live.eqtiming.com/69832#result:267746-1-1272282-1-1-

Vår filmfotograf Torgils Fossen har lagt ut video frå målgangen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=IYgbdfxJSKI

2024-10-05
Ove Leon Låstad

Årets Sørfjorden halvmaraton var det 5. løpet i rekkja.
Trygve Fedje Mjelde, Osterøy debuterte på distansen og sikra seg sigeren blant herrane med 1:08.05.
Deretter følgde Karl Jonas Tronstad, Varegg med 1:08.31 og Markus Loftås, Osterøy med 1:09.11.
Beste Fri-løpar var Espen Borge Joensen på 10.plass med 1:13.35.

vlcsnap-2024-10-05-14h47m17s007.png
 
Dagens vinnar av herreklassen Trygve Fedje Mjelde.
 
Line Rivedal, Varegg vann kvinneklassen i år som i fjor og kom i mål på tida 1:19.13.
På dei neste plassane kom Renate Galleberg med 1:19.18 og Ingrid Gaarder med 1:20.23.
Beste Fri-løpar var Vigdis Gaupholm Reigstad på 17.plass med 1:30.20.
vlcsnap-2024-10-05-15h18m03s070%201.png
 
 
 
 
 
 

 

 

Line Rivedal, Varegg, vinnar av dameklassen.

Her er litt statistikk:

År Ant. deltakarar totalt Ant. menn Ant. kvinner Prosentdel kvinner Vinnartid menn Vinnartid kvinner
2024 576 421 155 27% 1:08.05 1:19.13
2023 376 296 80 21% 1:06.20 rekord 1:18.45 rekord
2022 305 240 65 21% 1:09.20 1.21.45
2021 301 224 77 24% 1:08.40 1:19.20
2020 176 136 40 23% 1:07.33 1:19.22

PS. Den bussen som aldri kom og resulterte i at starten vart utsett i 3 minutt skuldast ikkje nye ruter. Linje 910 med avgang frå Arna stasjon kl. 10:18 laurdagar køyrer normalt om Garnes og vidare til Osterøy, men dei som har Skyssappen fann ut at det stod melding om at denne bussen køyrde Arnanipatunnelen pga arrangement.

Vel møtt igjen til Sørfjorden halvmaraton laurdag 4.oktober 2025.

Kalender

Desember
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

05.02.2025
Frikarusell 4

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

26.02.2025
Frikarusell 5

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass

19.03.2025
Frikarusell 6

19:00 - 20:05

Espeland idrettsplass