Alt klart for Torstein Nesse sin 80 årsdag 1.august

1.aug. fyller vår alles kjære Torstein Nesse 80 år. Vi hyller hans innsats for friidretten gjennom 55 år med å arrangere Torstein Nesse Games på Arna idrettspark 1.aug. Det startar med talar og underhaldning kl. 18:00. Frå kl. 18:30-20:00 blir det elitestemne i friidrett for junior og senior. Så vert det storstilt kakespising og sosial mingling frå kl. 20:00-22:00. Vi inviterer alle som kjenner Torstein til Arna idrettspark denne august-kvelden. Set av datoen 1.aug. i kalendaren allereie no. 

Her er stevneprogrammet for den store dagen: Program TNG 1_aug.pdf

Få med deg Martin Roe, Fri sin første konkurranse denne sesongen. Årets NM sølv-vinnar i kule og diskos, Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus skal i aksjon. NM-vinnaren i lengde, Thale Leirfall Bremset, Stjørdal er påmeldt på 100m og i lengde. Ein annan medaljevinnar frå NM, Andreas Haara Bakketun, Gular stiller til start på 200m. Trygve Fedje Mjelde, Osterøy skal kjempe mot mellomdistanseløparar frå Ask Friidrett, Gular og Gneist om sigeren på 1 engelsk mil. Magnus Reigstad, Osterøy skal i duell med Gjert Høie Sjursen, Gneist i lengde og det kan resultere i hopp over 7m. Vilde-Sofie Torvund, Fri jaktar på ein gammal klubbrekord på 1 engelsk mil, men ho får tøff matching av Kristine Lande Dommersnes, Haugesund som persa på 1500m i NM med 4,20,10.

Invitasjon til publikum som du kan laste ned og dele med andre: invitasjon TNG.pdf
Invitasjon til utøvarar som ønskjer å delta på elitestemnet: Torstein Nesse Games 1aug.pdf

Vil du vere med å spise kake med Torstein må du melde deg på her: Påmeldingsskjema

2022-05-02
Ove Leon Låstad

Arrangementskomiteen er godt i gang med planlegginga av Torstein Nesse Games 1.aug. Vi drøymer om å fylle hovudtribunen på Arna idrettspark med alle som har hatt noko med Torstein å gjere gjennom 55 år. Vel møtt til alle tiders bursdagsfeiring 1.aug. Meir info kjem etter kvart.

processed-3ee3cac2-bd3c-45e8-a61d-c499c524e0e6_bBYxArGO.jpeg

Beste helsing
Arrangementskomiteen for Torstein Nesse Games

Ove Leon Låstad, Torstein Garnes Johnsen, Astrid Olafsdottir, Ole Aukland og Brit Ingrid Birketveit.

Kalender

August
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

29.08.2022
Arnaløpet

19:00 - 21:00

Espeland idrettsplass

07.09.2022
Arnaleikane - Friidrettens dag

18:00 - 20:30

Arna idrettspark

21.09.2022
Askokarusellen 5

18:30 - 21:00

Arna idrettspark

08.10.2022
Sørfjorden halvmaraton

10:30 - 13:00

Garnes

12.10.2022
Askokarusellen 6

18:30 - 21:00

Arna idrettspark