Godt Nyttår og takk for innsatsen i 2019!

Som arrangementsansvarleg vil eg rette ein stor takk til alle våre dommarar og frivillege funksjonærar som har hjelpt til på arrangementa våre på Arna idrettspark, Garnes ungdomsskule, Espeland, Gullfjellet og Skansemyren.

2019-12-31
Ove Leon Låstad

I 2019 runda IL Fri heile 90 år og dette blei markert under Fristafetten som gjekk av stabelen for 37.gang 2 dagar før sjølve fødselsdagen 5.april. Her gjorde journalist Anders Totland i Bygdanytt ein strålande innsats med å lage den desidert beste reportasjen frå våre arrangement dette året, då han kombinerte det skrivne ord med foto og video om Fristafetten og klubben sitt 90-årsjubileum. Reportasjen finn du her:

https://www.bygdanytt.no/sport/i/y35r02/storslaatt-jubileumsfeiring-en-90-aaring-verdig

Gullfjellet opp blei arrangert for 10. og siste gang. Ivar Andre Langhelle har vore sjefsorganisator alle gangane og totalt 5269 deltakarar har enten gått eller løpt frå Osavatn til Gullfjellstoppen. 

Sesongen på Arna idrettspark blei litt amputert grunna omlegginga frå naturgras til kunstgras på indre bane. Vi får håpe at det nye kastfeltet og den tilhøyrande våtmarksparken som kommunen har lovd vert bygd i 2020.

Det 36. Arnaløpet i rekkja fann stad den siste måndagen i august. Endeleg fekk vi oppleve strålande ver igjen på Arnaløpet, men det gjorde nok sitt til at ein del potensielle deltakarar prioriterte andre gjeremål enn å reise til Espeland. Håpet om å passere 1000 deltakarar igjen lever framleis i arrangementskomiteen, og kanskje kryp vi over den grensa igjen i 2020. 

Til slutt vil eg minnast tidlegare leiar i friidrettsgruppa, Leif Herland, som døydde 6.september, 82 år gamal. Leif var leiar i perioden 1975-1985 då det skjedde ein enorm oppsving på friidrettsfronten i Arna. Nøkkelen til suksessen var stafettar. Alle skulle få vere med, uansett nivå. Dette inspirerte mange til å satse på friidrett. Allereie i 1977 vann IL Fri sensasjonelt juniorklassen for menn i Holmenkollstafetten. Framgangen heldt fram og i 1984 var dei fleste juniorane blitt seniorar då herrelaget i eliteklassen imponerte med ein fantastisk 5.plass. Det året mønstra Fri heile 4 lag i Holmenkollstafetten, men det toppa seg i 1985 då Leif hadde med seg 5 lag (menn elite, menn senior, menn junior, menn veteran og kvinner senior) med til saman 75 løparar over fjellet til Oslo. 

Ja, det å kome med på eitt av stafettlaga var så populært at Leif måtte arrangere eigne uttakningsløp for å finne ut kven som passa best til dei ulike etappane. Det kan også nemnast at i 1982 så deltok IL Fri med lag i 10 ulike gatestafettar.

Gjennom alle åra i førarsetet i friidrettsgruppa utgjorde Leif saman med Torstein Nesse og Otto Hellegård det vi kan karakterisere som ´the dream team´.

Takk til Leif for alle gode friidrettsminne!

Godt Nyttår!

Kalender

Februar
MTOTFLS
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
2425262728291

Aktiviteter

29.02.2020
NM Veteran inne

10:00 - 18:00

Leikvanghallen

04.03.2020
Frikarusellen 6.løp

19:00 - 20:05

Espeland idrettsplass

09.03.2020
Arnameisterskapen i hopp utan tilløp

18:00 - 21:00

Garnes ungdomsskule

01.04.2020
Fristafetten

18:00 - 21:00

Arna idrettspark

12.05.2020
Tinestafetten

10:00 - 12:00

Arna idrettspark